Suppe

Suppe kan jo vere så mangt, og det er ein av grunnane til at eg elskar det! Det aller meste som kan varmebehandlast, kan også puttast oppi ei suppe. Dei suppene eg likar best, er jamna grønnsakssupper.

Det er ei stund sidan min Magic Bullet, som eg kjøpte på tv-shop i ein svak augneblink, sa takk for seg. Etter det har eg leita etter ein arvtakar, ein funksjonell miksar som kan brukast i ulike situasjonar. I denne perioden har eg levd eit miksarlaust liv, og det har vore tungt. Eg var ikkje så nøgd med verken Magic Bullet eller blenderen eg hadde før den. Derfor venta eg litt, så eg skulle vere sikkert at eg hadde noko eg var nøgd med. Eg har sparsamt med plass på kjøkkenet, og derfor forsøker eg å vere forsiktig med innkjøpa. Førre helg gjekk eg endeleg til innkjøp av ein Bamix stavmiksar, og eg har i alle fall ikkje angra endå. Den eg kjøpte har ganske mykje ekstrautstyr, som eg i utgangspunktet var skeptisk til, særleg med tanke på plassmangel i skåpet. Men allereie nå, ei veke seinare, har eg brukt alt utstyret, og lurer på korleis eg nokon gong klarte meg utan! Eg har miksa fleire dippar, rive ost, hakka urter, laga pesto og heimelaga leverpostei med nye stavmiksaren.

Men det beste av alt er at eg har laga ei nydeleg brokkoli- og spinatsuppe med hønsekraft. Med ein stavmiksar er det lettaste sak i verda. Eg kokar ein brokkoli i hønsekrafta saman med eit par kvitlauksfedd. Når brokkolien er nesten ferdig (berre eit par minutt), har eg oppi ein pakke spinatblad. Når dei har sunke saman tar eg miksaren oppi gryta og kjører til det heile er ein glatt masse. Dersom suppa er veldig tjukk, sper eg med litt vatn. Så har eg oppi salt, pepar, og kanskje litt urter og ein liten klunk worcestersauce. Enkel og sunn gourmetmat, og dette held til minst to måltid! Eg har nett ete meg skikkelig mett, og restene blir middag i morgon. Då har eg ein travel dag sidan eg skal på kurs etter jobb. Det blir fint å kunne varme opp ferdig mat.

Ein dag til veka skal eg lage tomatsuppe av ferske tomater. Eg gler meg! Eg er så glad eg endeleg har fårr ny miksar. Lukka kan definitivt kjøpast!

Rester

Eg er glad i rester. For meg er restemat gyllen sjanse til å ete mat på nye måtar. I dag åt eg eit par dagar gammal fiskegryte med ekstra tomat og røykt paprikapulver til forrett, då det var ein liten kopp igjen. Dette var perfekt ventemat medan eg venta på tininga av ein bit av ribba eg dampa og stekte opp for nokre dagar sidan. Eg fann fram krafta og ribbefettet frå tilberedinga, og fann ut at det var så mykje vatn i at dette ikkje egna seg til saus, som eg hadde tenkt det skulle bli. Voila, ribbesuppe! Eg tok bort svoren på ribba, skar opp blomkål og purre, og skar ribba i små bitar. Svoren åt eg kald ved sida. Noko av fettet som hadde skilt seg frå krafta la eg tilbake i kjøleskapet, og kokte opp kraft med grønnsakene til dei var møre, og hadde så ribbebitane i. Dette var faktisk svært godt. Toretters middag med minimal innsats. Sjølv om eg tok bort ein del av fettet, vart dette eit ganske fett måltid. I tillegg har eg mesteparten av fettet frå ribbesteikinga igjen til ein av dei andre ribbebitane som ligg i frysen.

På reisefot

Mange rundt om i Noreg har vinterferie denne veka. Eg jobbar som lærar i Akershus, og ferien min er over, og eg har alt vore to dagar tilbake på jobb. Det har vore ein merkeleg overgang etter ferien denne gongen. Vanlegvis blir dei kortare feriane tilbrakt i heimlege strøk hjå foreldra mine, men denne gongen gjekk reisa litt lenger, til Bangkok. Eg hadde ein flott tur, opplevde mykje på ei kort lita veke og har til og med fått litt farge.

Sidan dette er ein kosthaldsblogg, skal eg skrive litt om korleis det å kombinere reise og mat fungerer for meg. Eg synest nemleg ikkje at det er så lett. Sjølv om eg ikkje har skrive det før her, er målet mitt med ete lavkarbo hovudsakleg å gå ned i vekt. Vektnedgang og ferie går ikkje alltid så godt i lag. Eg løyser dette med å ta ein pause medan eg er på tur. Eg er nysgjerrig. Eg er glad i mat. Eg er svært interessert i nye smakar, og vil gjerne prøve nye rettar, råvarer og kombinasjonar når eg reiser, og særleg når eg er langt borte og på stader eg ikkje har vore før. Då ønsker eg ikkje å begrensa inntaket til det som passar med dietten min. Eg er heldig som ikkje har intoleransar eller allergiar. Dei som har det kan sjølvsagt ikkje ta seg den luksusen og ta pause frå matregime. Men eg kan. Derfor har eg i ferien ete mykje rart og forskjellig. Nokre gonger har eg unngått til eksempel ris, medan andre gonger var curryretten så sterk at eg trong noko å dempa han med. Eit par gonger hadde eg lyst på is. Då kjøpte eg det. Og koste meg. Det vart nokre halvliterar med øl. Friterte bananer vart ein slager. Søt klebrig ris med mango var godt, og det var også nokre munkelignande lappar med kokos eg kjøpte på gata og hadde til frokost ein dag. Stekte grasshopper var godt, men det er også stort sett berre protein. Eg kjøpte også kyllingspyd nokre gonger, utan tilbehør. Eg hadde heilt fint klart å halde dietten på denne reisa dersom eg ville, men for meg er utprøving av smakar ein så stor del av reiseopplevinga at eg ikkje ville begrensa meg sjølv.

Og resultatet? Fem kg i pluss. På ei veke. Men det var verdt det. Og berre dei hovne beina mine stabiliserer seg etter flyturen, så reknar eg med at det meste forsvinn. Og eg er alt tilbake i den gamle tralten frå før ferien.

Tryna i chipsskåla?

Det hender jo at eg gjer det, men ikkje i dag. Tidlegare har eg laga snacks av sprøstekte osteskiver, gjerne ferdigstekte som eg legg på eit steikebrett, krydrar litt og avkjølar etter steiking. Det er svært godt, men nå forsøker eg å halde meg mest mogleg vekke frå meieriprodukt. Eg har også blitt tipsa om å skjere ein halvfrosen kyllingfilet i tynne, tynne skiver, krydre og sprøsteike i omn. Det er litt tørt, så det trengs ein god dip til. Med den rette dippen er det supert! Akkurat nå blir det litt for mykje protein å ete kylling som snacks. Så i dag har eg prøvd ein tredje variant, som faktisk minnar meir om eigentleg potetchips. Eg har føre meg ein tallerken med sellerirot-, raudbete- og søtpotetchips. Eg skar dei med ostehøvel for å gjere dei så tynne som mogleg, helte litt olivenolje og strødde salt over, og hadde i omnen på 200 grader i 15 minutt. Perfekt!

Sellerirot og raudbete har, til trass for at dei er rotgrønnsaker, ganske lågt innhald av karbohydrater. Søtpotet har ein god del meir, så den brukar eg i begrensa mengder. Dessverre likte eg den best. Denne chipsen blir ikkje fullt så sprø som vanleg potetchips, men det er ikkje så langt i frå heller. Det beste er at du kan kontrollere salt og eventuelt andre smakar sjølv. Vanleg chips blir ofte alt for salt for min smak. Å ovnsbake er også sjølvsagt mykje sunnare enn frityr, då varmen er mykje lågare, og ein kan bruke betre fett.

Dette skal eg altså kose meg med nå. Det blir ei fin lita oppmuntring til jobbsyslene som står for tur.

Torskerogn

I diktet Nordlands trompet hyllar Petter Dass torsken. Av alle «Svemmende Dyr i det Nordlandske Hav», var torsken den viktigaste inntektskjelda for nordlendingar på hans tid.

O Sæl er du Bonde som Torsken kand faa
Hand føder båd’ dig og din Kone
Du torsk må vel kaldes vor Næring og Brug
Du skaffer fra Bergen saa mangen Tønd’ Rug
Den stackels Nordfare til Føde

I det siste har eg fått auga opp for det fantastiske som er torskerogn. Dette er billig, sunn og god mat. I haust har eg ete den hermetiske varianten eit par gonger, men nå er sesongen her, og eg har fått tak i fersk rogn frå fiskedisken på Meny. Ei pølse er 160 gram, og akkurat passe middag til meg, saman med litt stekte grønnsaker. Rogna kosta meg 16 kroner, og eg synest det er ganske billig middag. Sesongen er ikkje lang, frå februar til mars, og då må denne tida utnyttast. Denne gongen gjorde eg det enkelt, men eg skal absolutt prøve meg fram med meir avanserte variantar etterkvart. Ved hjelp av litt googling fann eg mange oppskrifter.

Når fersk torskerogn skal tilberedast, er det viktig å pakka ho inn, så skinnet ikkje sprekk. Rens og skyll først. Det gjorde ikkje eg, sidan butikken alt hadde gjort det for meg. Det er også viktig at ho skal trekkjast, ikke koke. Etter å ha lese fleire oppskrifter, pakka eg rogna inn i matpapir, og trekte ho i førti minutt like under kokepunktet, med litt salt og eddik i vatnet. Eg kunne sikkert laga ein avansert grønnsaksrett og saus ved sida, men sidan eg er sedat, og likar å gjere ting enkelt, skar eg opp ein halv liten purre i ringar og ein halv liten aubergine i små bitar, og stekte dette saman med nokre bukettar blomkål. For meg var dette ein nydeleg og enkel middag. Torskerogn er svært magert, så eg hadde ein god del smelta smør over.

Desse fiskeegga er som eg skreiv over magre, men inneheld mykje protein, 27 gram pr 100 gram vare. Ved å ete dette får du i deg godt med A- og E-vitamin, og heile dagsbehovet med selen, B-12 og D-vitamin. Som kjend er D-vitamin særleg viktig nå om vinteren, då me ikkje får dette gjennom sola. Torskerogn er altså sunt, godt og billig! Eg blir berre så frykteleg trøtt av det … zzzzzzzzz

Baconcado

Til frokost i dag vart det baconcado. Dette har vore ein favoritt lenge. For å spare verdifull tid om morgonen, gjer eg alt klart om kvelden. Eg startar med å dele ein avocado i to, og tek ut steinen ved hjelp av avocadotrikset. Det er viktig å ikkje skjere avocadoen i bitar eller skiver som på filmen, han skal kun vere delt i to halve, og så skrellast. I midten, der steinen var, legg eg noko godt fyll. Dette kan vere nesten kva som helst. Det kan f.eks. vere pesto eller ost. Denne gongen brukte eg sennep. Så set eg dei to halvdelane saman att og surrar bacon rundt. For å halde baconen på plass, stikk eg i nokre tannstikkarar her og der. Til ein stor avocado treng eg tre skiver bacon. Eg legg denne i ei eldfast form. Fordi både bacon og avocado er fett, og slepp fettet under steiking, smører eg ikkje forma. For å spe på med litt grønt, legg eg eit par små tomater i båtar oppi forma. Dette set eg i kjøleskapet, og set så i ognen når eg står opp neste morgon. Retten steikar eg på 200 grader til eg er ferdig med eige morgonstell.

Ofte brukar eg små avocadoar, slike ein får kjøpt i nett, til dette. Då treng eg berre ei eller to baconskiver til. Det blir akkurat passe mengd frokost til meg. Ein stor avocado og tre skiver bacon er litt mykje. Dersom de er to, kan de kanskje dele ein stor baconcado. Eg bur åleine, og sparar derfor halve til neste dag.

Avocado er kanskje min favorittgrønnsak. Eller frukt, om vi skal drive med flisespikkeri. Han har nesten 15 prosent fett, og 100 gram inneheld omlag ein tiandedel av dagsbehovet av B- og C-vitamin og halvparten av dagsbehovet for E-vitamin. I tillegg får du i deg ein sjettedel av dagsbehovet for kalium og ein tiandedel av dagsbehovet for magnesium. Det viktigaste for meg er likevel at han mettar, og smakar særs godt. Det beste er å ete han rå, då han blir litt besk ved varmebehandling. Eg har prøvd meg litt fram med varmebehandla avocado i ulike rettar, og det blir sjeldan vellukka. I denne retten synest eg det fungerer, og at det ikkje smakar noko beskt. Eg er nok over gjennomsnittet glad i bacon også, og her smittar også den smaken over på avocadoen.

Endå ein lavkarboblogg?

Endå ein lavkarboblogg? Ja. Dette kjem av at eg har behov for å uttrykkje meg. Lesaren, eller interessa der ute, kjem i andre rekkje. Dessutan er det alltid behov for tekst på nynorsk. Folk treng å lese meir nynorsk. Du lurer då kanskje på korfor eg har veld å bruke omgrepet lavkarbo, når lågkarbo kanskje er det meir opplagde valet på nynorsk? Vel, det synst ikkje eg. Lavkarbo er nå etterkvart blitt eit godt innarbeidd omgrep, så får det også fungere på nynorsk. Uansett er ikkje eg spesielt glad i dette ordet. Kan hende fordi det er så mange som har «sett lyset»? Misjonærverksemd er ikkje noko for meg, uansett kva saka gjeld. Den maten eg et er sunn og bra for meg. Om du vil tilsetje ei potet eller noko ris, så er det sikkert bra for deg. Derfor kjem eg heller ikkje til å skrive så mykje om kosthaldsfilosofiar, eller namngje dei, anten det er lågkarbo, lavkarbo, LCHF, paleo eller noko anna.

Meininga med denne bloggen er at han først og framst skal vere ein matblogg, og så kanskje litt om andre ting. Mange matbloggar med LCHF i fokus bruker mykje plass på søtsaker, bakevarer o.l. Dette med å finne erstatningar for matvarer ein tidlegare har vore glad i, og ikkje kan ete dersom ein skal halde eit sunt kosthald, er krevjande, og noko mange bruker ein del energi på. Eg har sett få LCHF-bloggar der det ikkje ofte er bakeinnlegg. Det er veldig fint for dei som leitar etter dette! Sjølv forsøker eg å unngå erstatningar for sukker og mjøl, sjølv om eg sjølvsagt i blant går i fella, eller med vilje gjer eit unntak. Derfor kjem ikkje denne bloggen til å innehelde oppskrifter på søtsaker. Målet er å ete mest mogleg rein mat, helst laga frå grunnen, og ikkje mat som eg merkar ikkje er bra for meg. Det er både fordi eg meiner det er sunnast, best og gir meg betre kontroll over kva eg et. Derfor er det denne maten eg kjem til å skrive om. Eg er spent på om eg kjem til å klare å følgje opp det å poste oppskrifter, for eg er ram til å lese ei oppskrift, og så gjere noko heilt anna litt på slump.